Ein mann i 20-åra er tiltalt for overlagt drap under særleg skjerpa omstende (paragraf 233, første og andre ledd i Straffelova). Han er også tiltalt for mishandling av liket etter drapet (paragraf 143, første ledd i Straffelova).

Strafferamma for drapet er 21 år i fengsel. Mannen har erkjent drapet.

Obduksjonsrapporten konkluderte med at Sami Milhem bløydde i hjel. Han mangla fleire kroppsdelar då han vart funnen. Den tiltalte mannen skal også ha påført Milhem fleire knivstikk.

Drapshandlinga som blir skildra i tiltalen er svært grov. Møre-Nytt vel å ikkje gjengi fleire detaljar frå denne.

Hovudforhandlinga i saka startar 16. mars i Sunnmøre tingrett. Det er sett av fem dagar til saka.