– Eg trakka lysløypa første gong 9. desember. Sidan har eg vore her kvar einaste dag.

Øyvind Bjørdal kikar i spegelen og ser seg godt om før han manøvrerer «beistet» ut i skisporet. Den fleire tonn tunge trakkemaskina viker ikkje for nokon, men ho er lydig i hendene til Bjørdal.

– Vi trakkar helst når her ikkje er folk. Vi unngår dei mest travle tidspunkta på dagen. Ulykke vil vi ikkje ha noko av.

Dagsarbeid

Dei byter på å køyre. Bjørdal er travaren. Han som «alltid» har køyrt. Sidan 1993 har han sytt for snorrette, glatte skispor fram til Åmskaret og tilbake. Runda i lysløypa har også fått kjenne på kreftene i trakkemaskina. Og alpinbakkane har stått der, hardpakka og nypreparerte og klare til å ta imot skifolket.

– Kvart år sidan 1993. Med unntak av i fjor. Då fekk eg trakka lysløypa berre tre gonger. Det var for lite snø. Denne sesongen skal vi vere nøgde med.

Motoren i trakkemaskina er framleis varm i det skitrekket fyrer opp og dreg alpinfolket til topps, og dei første langrennsskia finn sin plass i sporet. Det ligg mykje arbeid bak det å skulle gi skiglede til andre.

– Å trakke heile anlegget tek 8,5 timar. Det er dagsarbeid, erfarar Bjørdal.

Dugnad

Eit dagsarbeid gjort på dugnad, som med alt anna ved Ørsta skisenter. Bjørdal køyrer mest på dagtid. Nokre kjem fram etter stengetid på kvelden og trakkar alpinbakkane. Klokka kan verte over midnatt og meir før dei er ferdige. Så er det opp og på jobb om morgonen.

Dei køyrer to og to på lag, og Bjørdal ordnar med logistikken og har ansvar for at alle område vert trakka. Ola Ose, Frode Steinnes, Idar Vatne, Kjell Otto Holen og Runar Kvistad er den faste gjengen han trakkar med. I tillegg har dei nokre «vikarar» ved behov. Johannes Sporstøl er frivillig mekanikar når trakkemaskinene har fått seg ein trøkk og treng pleie.

Flinkare

– Om eg vert lei? Ja, nei. Sei det. Nokre dagar går trakkinga som ein leik. Andre gonger må du kjempe med snøen. Våt snø er det verste. Då nyttar det nesten ikkje å trakke.

Like fullt stiller dei opp. Og sjølvsagt litt av egoistiske årsaker også.

– Eg går meg gjerne ein tur på ski eg, til Åmskaret helst. Eg kan ta turen på slalåm i bakken også. Vi gjer jo dette for at folk i bygda skal få eit godt tilbod. Vi legg ikkje meir i det enn det. Nokon må gjere jobben.

Og Bjørdal meiner folk har vorte flinkare til å kome seg ut dei siste åra. Han veit truleg kva han snakkar om, han som er i løypa kvar dag i vintersesongen.

– Folk i alle aldrar har vorte flinke til å kome seg ut og på tur. Løypa til Åmskaret er flittig i bruk. Det har auka dei siste 5–6 åra, meiner eg.

Bjørdal vender trakkemaskina i retning garasjen etter ei kjapp runde på langrennsstadion. Snøen er våt og tung å jobbe med.

– Det er lite snø att no. Det skal halde hardt til påske om vi ikkje får meir påfyll.