Ei nær fullsett kyrkje deltok under avskilsgudstenesta der Arne Prest fekk mykje skryt.

- Du er engasjert og skaper begeistring, og har vore ein av drivkreftene i ungdomsarbeidet, sa På Heggstad i sognerådet før han overrekte ei gåve. Ikkje nokon tradisjonell blomsterkvast frå den kanten: Arne Prest fekk nemleg eit eksemplar av boka "Velsigne kjeften din, prest" av Ivar Grimstad. Og populære Moltubakk humra seg gjennom takkeorda.

Han starta som prest på Vartdal i september 2007, og fortel om ei kjekk tid i Vartdal kyrkje.

- Det er kjempeflott å vere prest på Vartdal, eg følte meg velkomen frå første dag og er glad eg skal tilbake innimellom. Folk på Vartdalsstranda er sterkt engasjert  i kyrkja. Ho betyr mykje for folket, og dei er stolte av ho, opplever Moltubakk.

Han takka kyrkjelyden, og trekte spesielt fram Kirsti Hånes Vartdal, Liv Randi Volle og Kjetil Standal som han har jobba tett og godt saman med.

Klubben

Irma Håvoll Sætre takka på vegne av Klubben, eller Barstadvik kristlege ungdomsklubb.

- Dei ung synest det er synd at du skal slutte. Du er utruleg flink med dei unge. Du ser kvar og ein av dei, rosa Sætre.

Ho fortalde at Arne seinare skulel få ei fotballdrak i gåve med "number obe" på ryggen. fotballinteresserte Arne stråla:

- Då må det verte ei Molde-drakt..

Også Arne Prest sin sjef, prost Ingeborg Matre deltok. Og ho sparte ikkje på konfekten ho heller.

- Eg er veldig glad for den tenesta du har utført på Vartdal og er glad du held fram med prestearbeid i kommunen. Det er alltid kjekt å jobbe saman med deg. Du er ryddig, grei og positiv, sa Matre.

Vartdalstranda Hornmusikk var med og sette ei fin ramme rundt gudstenesta, det same var koret Cantando, dirigert av Morten Bollerud.

Til slutt vart det halde kyrkjekaffi mede marsipankake til ære for den populære presten Arne Moltubakk som frå 1. mars er sokneprest i Ørsta. innsetjingsgudstenesta er 22. mars.