Det går fram av ein resolusjon som vart vedteken på årsmøtet i helga.

- På fleire ferjestrekningar i fylket har det vore problem med å ta unna trafikken. I enkelte samband er problemet nærast permanent. Konsekvensane  er at køretøy blir ståande att, korresponderande trafikk blir ikkje nådd - og folk seg ikkje kjem seg på arbeid til rett tid, heiter det i uttalen.

- Godstransporten som skal bringe varer i hyllene i butikkane eller skal til kontinentet blir forsinka. Kostnadane ved forlenga reisetid for både folk og bedrifter kan bli store. Møre og Romsdal Senterparti

Problemet

Fylkesårsmøtet meiner at hovudproblemet er statleg underfinansiering av ferjedrifta.

- Fleire av ferjene er gamle og lite hensiktsmessige, har dårleg fart, liten kapasitet og er ofte ute av drift. Dette fører til hyppige verkstadsopphald og reserveferjene har ved fleire høve vore endå dårlegare slik at tilhøva er blitt verre, heiter det i resolusjonen.

- Reisande uttrykkjer gjennom media sviktande tillit til reiarlaga som driftar ferjene og til Møre og Romsdal fylke som oppdragsgjevar.

Møre og Romsdal Senterparti krev betre statleg finansiering av ferjedrifta. Vidare vert fylket oppmoda til å gå gjennom rutinane sine i samband med kontraktsinngåing for å sikre eit ferjetilbod i alle samband som stettar behova til dei reisande.

- Det er og viktig å kontrollere at rederia oppfyller kontraktane, seier årsmøtet.