Og både hotelldirektør Richard Grov og Svein Sunde frå Gode Vegar vert mellom dei som skal  få presentasjon og status for flyplassen som er ein av dei store trafikkmaskinene på kortbanenettet. Og det er ikkje tilfeldig av Alexandra-direktøren kjem: Hovden vert trekt fram som det beste tilbodet når Hotel Alexandra, den største reiselivsbedrifta i Sogn og Fjordane, fortel gjestene kva flyplass dei bør velje.

– Hovden har iallfall tre gonger så stor trafikk som Anda, og dei har veldig godt utbygd nett med direktesamband, sa Grov til NRK Sogn og Fjordane for ei tid tilbake.

Stortingsrepresentant Ingvild Kjerkol (Ap), medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen, skal halde ei orientering under møtet på Hovden der også  stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) skal ta del.

Ap stiller sterkt og har med Petter Bjørdal  (samferdselsutvalet i Møre og Romsdal), Egil Ekhaugen (Møre og Romsdal AP), Jostein O. Mo (Ørsta AP), Svein Ivar Aarskog (Ørsta AP) og Karen Høydal (Ørsta AP).

Næringssjef Odd Magne Vinjevoll skal også vere til stades på møtet der lufthamnsjef Sverre Bae med fleire skal fortelje om situasjonen for flyplassen.