- Etter flere skipsråd, har vi no bestemt oss for at det ikkje blir jordomseiling denne gongen. Årsaka er økonomi, vi har litt for lite pengar til å vere ute i tre år. Men vi har nok til ca. to år. Så planen er å være i Karibia eitt år til, før vi byrjar på reisa heim til Bergen.

Det skriv Nygård og Steinsvik på Facebook-sida S/Y Emma på langtur.

27. juli i fjor starta dei på turen frå Ørsta som gjekk  til Shetland, Fair Isle, Skotland, irskesjøen, Biscaiabukta - og Kanariøyane og Kapp Verde - før dei kryssa Atlanteren og kom til Karibia i slutten av januar. Der er dei framleis, og dei storkosar seg sjølv om seglturen vert eit år kortare enn planlagt.

- Så langt er det å vere her i Karibia som å leve i ein vaken draum! Deileg temperatur både til lands og i vatnet. Ikkje noko stress. Palmesus og bølgebrus. Og folk er vennlege. Så dette anbefalar vi! Seier Kristine.

No går turen nordover til British Virgin Islands, før dei går sørover til sommaren (orkansesong).

- Så går vi vidare nord neste vår, fortel paret.