8. mai går Volda-bandet på scena under Trondheim Jazzfestival.

- Bandet er kjent for å gjere svært spenstige konsertar med energiske Gunnar Solheim som vokalist og frontmann. Bandet har tidlegare vore å høyre på fleire festivalar, mellom anna Moldejazz, Vossa Jazz og DølaJazz, heiter det i ei pressemelding frå jazzfestivalen.

BokkeReidars er eit av dei lengstlevande banda i sin sjanger her i landet og har gitt ut fleire plater. Bandet er framleis kreativt nysgjerrig og samarbeidar blant andre med Side Brok.

- Dette kommer til å swinge grenseløst! Lovar Trondheim Jazzfestival.

Mellom andre artistar som skal delta i Trondheim er funkbandet Level 42 og den nederlandske supersaxofonisten Candy Dulfer. Dei spelar 9. mai.