Det er i  samarbeid med hoppid.no at næringskontoret onsdag 4. mars arrangerer dette kurset retta mot bedriftsstyre.

- I aksjeselskap er det lovpålagt å ha eit styre. Kurs i styrekompetanse for næringsdrivande passar for personar som har etablert, har planar om å etablere eit aksjeselskap, eller som rett og slett er medlemmer i  eit styre. Målet er å gi kursdeltakarane meir kunnskap om kva som er  styret si rolle og korleis det kan vere ein viktig resurs i utvikling av bedrifta, seier næringssjef Odd Magne Vinjevoll.

Han gjer det klart at styrearbeid må lærast og utviklast, og ei betring kan gi gode resultat.

Botnlinje

- Eit godt styre vil bidra til ei solid botnlinje i bedrifta, og kan førebyggje og handtere kriser. Det skal søkje gode vegval og avgjerdsler, og vere eit korrektiv til leiinga, seier næringssjefen.

Rekruttering til styret vil vere eit av fleire tema på kurset.

- Sidan styret er ansvarleg for bedrifta, bør det setjast saman og arbeide slik at det reelt sett tek hovudansvar for bedrifta sin strategi og framtid i kraft av å tilføre ny og nyttig kompetanse, seier Vinjevoll.

Aktuelle tema på kurset er: Kva kompetanse treng bedrifta di?

Korleis rekrutterar du styremedlemmer?

Kva krav og forventningar kan du ha til medlemmane?

Kva er rett styrehonorar?

Ulike roller og plikter.Formalitetar,innkalling,gjennomføring,etterarbeid

Formalitetar (protokoll,brønnøysund,generalforsamling).

Påmelding til Ørsta næringskontor, eller Hoppid.no sin kurskalender.