Volda hadde som venta ingen problem med å sette eit ungt Mode-lag på plass og vann heile 33-19 i Voldahallen søndag. Laget ligg dermed to poeng føre Byåsen Bredde med ein kamp mindre spelt. Med siger i dei to neste heimekampane er Volda seriemeistrar to serierunder før slutt.

Molde 2 hang brukbart med i opningsminutta, men etter kvart tok heimelaget meir og meir over. Midtvegs i omgangen var leiinga på fire mål, den hadde dei auka til ni ved pause og kampen var avgjort.

Andre omgang blei eit pliktløp for heimelaget og trenar Igor Terzic lot alle spelarane få mykje speletid.  Volda var i lange perioder solide i etablert forsvar og slapp romsdalsjentene sjelden til. Det som kom av skot tok målvaktene Runa Vik og Melitta Jug seg av. Framover blei det litt mange tekniske feil og skotbom, men med ei so stor leiing var det nok ikkje lett å halde konsentrasjonen. I tillegg storspelte Molde 2 sin keeper Aud Silseth og berga utan tvil klubben frå eit endå større tap.  Ved kampslutt viste lystavla 33-19.

Ein lagsiger

Utan tvil ein lagsiger der alle bidrog. Trenar Terzic var sjølvagt fornøgd.

- Vi presterer som forventa mot eit ungt Molde-lag som var bra med i 15 minutt.

Volda stilte med ein debutant; 16-åringen Andrine Dahl fekk spele siste kvarteret og fekk vist at ho er ein spanande spelar.

No har Voldadamene tre veker spelepause før Utleira og Heimdal kjem til Voldahallen.

Kampfakta

Volda – Molde2    33 -19 (18-9)

Voldahallen:  325 tilskodarar.

Volda: Runa Vik, Melita Jug, Anette Berg 3 , Kine Kvalsund 6, Olivia Kiss 1, Maria Ulla 4, Line S.Hagen  4, Vanessa S.Hoel 3  , Hilde Egset 2, Tina Gavranic 1, Aukse Aglienskiene 2 ,Andrine Dahl 1,Malene Aambakk 5,Linn Berg 1.

Toppskårar Molde:  Marie Pedersen 8

Utvisningar: Volda 1 x 2min, Molde 2 x 2min.

Domarar: Rolf Lefdal og Ståle Sandal

Tekst: Ove Krumsvik