Dei to mest profilerte lokalsjukehuspolitikarane, Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe frå Senterpartiet, kjem til Volda fyrstkomande torsdag kveld. Folkeaksjonen for Volda Sjukehus har invitert dei til til informasjon på Volda sjukehus og møte med ordførarar denne kvelden. Etterpå inviterer Volda Senterparti til ope møte på Volda Turisthotell med tema lokalsjukehus og framtida for Volda sjukehus spesielt.

Forkjempar

Senterpartiet er ein sterk forkjempar for lokalsjukehusa både i regjering og opposisjon og Volda Senterparti er glade for å kunne la lokalbefolkninga få høve til å møte våre fremste politikarar innan fagfeltet denne kvelden.

Per Olaf Lundteigen har markert seg i ei årrekkje som forkjempar for distrikspolitiske saker og Kjersti Toppe, utdanna lege, er nestleiar i helse- og omsorgskommiteen på Stortinget.