Vartdal Plast-eigde VD Transport køyrer møblar for alle dei fleste store møbelprodusentane på Sunnmøre.

– Vi starta med åtte bilar, i dag har vi 24 bilar, seier dagleg leiar Hallstein Forberg i VD Transport AS. Verksemda held til i Sykkylven, og er delvis eigd av Vartdal Plastindustri.

Historia til VD går tilbake til 2008, då Vartdal Plast kjøpte ut åtte bilar frå Vartdal Transport, og starta opp VD Transport (Vartdal Transport var ikkje knytt til Vartdal Plast).

– Den første tida var det køyring for Vartdal Plast som utgjorde hovuddelen av verksemda vår, og i 2010 flytta vi selskapet til Sykkylven og etablerte terminalverksemd med hovudsatsing på møbel, og veksten dei siste åra har dermed kome frå køyring av møblar, seier Forberg.

Tok over Ekornes

Då Bring Logistics Sunnmøre (tidlegare Emdal Transport og Spedisjon) valte å legge ned drifta si i Sykkylven i 2014, fekk VD Transport kontrakt med møbelgiganten Ekornes. Dette har ført til ytterlegare vekst for selskapet.

– Vi har også køyring for dei fleste andre møbelprodusentane, mellom andre Img, Formfin, Slettvoll og Brunstad.  Hausten 2014 fekk vi også tilbod om å ta over terminalanlegget Bring disponerte på Straumgjerde, dette takka vi ja til, og då auka terminalkapasiteten frå 100 kvadratmeter til 2650 kvadratmeter. Ein viktig del av suksessoppskrifta for VD Transport, er at dei køyrer varene frå dør til dør.

– Å frakte møblar er nesten for spesialtransport å rekne. Her spelar kompetanse, erfaringar, håndtering og ikkje minst transportmateriell ei viktig rolle. Dei fleste køyrer berre frå frakteterminal til frakteterminal, og i det systemet blir varene fort skadde eller øydelagde. Vi køyrer frå dør til dør, og tek difor hand om varene heile vegen. Møbelprodusentane som vi er i nær dialog heile tida. Dei er også klare på at dette er den rette måten å frakte varene deira på, seier VD-sjefen.

Sterk vekst

VD køyrer mykje gods for Vartdal Plast  og her er også dør til dør-servicen viktig.

– Anten vi skal levere til ei hyttetomt på Oppdal, eller ein møbelbutikk i Oslo, så er det viktig at varene er i god stand når dei kjem fram, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast. Han er også styremedlem i VD Transport.

Den økonomiske veksten i selskapet har vore sterk sidan oppstarten.

– Vi hadde ei omsetning på rundt 21 millionar kroner første året etter at vi etablerte oss i Sykkylven. I fjor enda vi på rundt 54 millionar, medan budsjettet for i år ligg på rundt 70 mill, seier Forberg.

- Det er klart det er utfordringar i møbelindustrien, men eg har trua på at dei evnar å omstille seg, og at det vil vere eit stort behov for slik spesialtransport også framover, seier Vartdal.