– Eg vert aldri frisk, men vona er å kunne stoppe utviklinga av sjukdomen, og at eg såleis kan få betre livskvalitet og eit tilnærma normalt familieliv.

Det er berre ei veke sidan det på Facebook vart starta ein innsamlingsaksjon for Margrete Otterlei Lunde, der målet er å sikre trebarnsmora i Hovdebygda ein stamcelletransplantasjon, eit inngrep ingen legar i Noreg vil utføre på MS-råka. Difor har Margrete søkt utlandet, og no står ho på venteliste til transplantasjon på eit sjukehus i Moskva. Ho er lova transplantasjon i løpet av neste år, kanskje før. Rundt 400.000 kroner er kostnaden, alt inkludert. Staten Noreg dekkjer ikkje slikt.

Rørt

– Eg er rørt over den store støtta eg allereie har fått, også frå folk eg ikkje kjenner. Det varmar utruleg, seier ei takksam og audmjuk Margrete.

Frå å vere ei svært aktiv dame med mange jarn i elden, har livet gradvis endra seg drastisk for kvinna, opphavleg frå Fjørtofta i Haram. Konditoren som spelte fotball på krinslaget, og sprang opp og ned fjellsidene, har i dag ein kvardag der MS-sjukdomen stadig utfordrar henne. Men helseplagene starta med noko anna. Vi går tilbake til 1999: Margrete feirar nyttår saman med familien. Alt er vel. Men om morgonen 1. januar vaknar ho med store kramper i høgre del av kroppen. På sjukehuset får ho påvist den sjeldne nevrologiske sjukdomen Paroksystisk Kinesogen Dystoni. Sjukdomen lagar sår i hjernen. Varige arr. I dag held Margrete sjukdomen i sjakk med medisin.

To år seinare merkar ho gradvis at kroppen ikkje er slik han skal. Kne som sviktar, hender som dovnar og problem med synet. Diffuse symptom som ballar på seg. Margrete vert gåen av ingenting, og er tydeleg sjuk, men går ikkje til lege før det er gått tre år. På sjukehuset på Åse får ho diagnosen MS rett i fleisen.

– Då eg var ung tenkte eg at det verste som kunne hende meg var at eg fekk MS og vart sitjande i rullestol. Så vart det slik med meg også.

Margrete har den mest vanlege av MS-variantane, der ho får attakk. For hennar del handlar det om tre til fem attakk i året. Ho har mist synet tre gonger, men fått det tilbake. Talet på sjukehusdøgn er svært høgt.

Dersom ho får fleire attakk som går på synsnervane kan ho risikere å miste synet for godt. Det er den utløysande årsaka til at ho drøymer om ein stamcelletransplantasjon.

Som om ikkje dette var nok: Etter fleire år med utprøving av diverse medisinar som skal bremse sjukdomen har ho også utvikla alvorleg allergi. Dette har ført til tre svært alvorlege allergiske/anafylaktiske sjokk på litt over eitt år. Og no reagerer ho både på medisinar og mat, og vidare medisinering er vanskeleg.

Tappa

Det er ei sta dame med stor viljestyrke som sit framfor oss, ei kvinne som slett ikkje legg seg ned utan vidare. Ei kvinne med sterk livslyst. Og det er ikkje lett å sjå på henne av ho er hardt råka av MS-sjukdommen. Ho er «flink» til å kamuflere smertene. Kvaliteten på dagane hennar varierer, nokre dagar er ho så tappa for krefter at ho ikkje klarer anna enn å sitje rett ut.

– Eg har dårleg samvit overfor alt eg tenkjer eg skulle ha gjort, men som eg ikkje maktar. Og mykje arbeid fell på mannen min. Borna mine stiller også opp meir enn ein kanskje skulle forvente.

For ei som synest det kan vere slitande å hente posten, har mangel på krefter gjort at ho må prioritere sterkt kva ho skal bruke tida til.

– Eg er jo ikkje den typen som berre vil sitje heime, men eg har ikkje overskot til å vere sosial utanfor huset. Eg forstår at venner sluttar å kontakte meg når eg berre seier nei heile tida.

I ein grå kvardag er det viktig å ha noko å sjå fram til. Margrete er Liverpool-tilhengjar på sin hals, og snart skal heile familien på fotballtur til Anfield. Turen er sterkt sponsa av midlar frå to legat, noko Margrete Otterlei Lunde og familien er umåteleg takksame for i ein situasjon der også økonomien vert utfordra når ei i heimen er uføretrygda. No håper ho ikkje berre det vert siger til Liverpool.

– Klarer eg å få realisert transplantasjonen vil det vere den største sigeren nokon gong.

Dersom nokon ønskjer å gje pengar til aksjonen for Margrete, kan dei nytte kontonummeret 3992.06.10688.