– Vi har eit lite og veldig kompakt og intimt sentrum, med tydelege historiske innslag som vi må bevare, seier leiar i Volda Næringsforum, Stephan Halck.

Arbeidet med å lage ein ny utviklingsplan for korleis Volda sentrum kan sjå ut er oppstarta, og skal vere ferdig i løpet av våren. Måndag var arkitektfirmaet Gehl i Volda for å hente innspel frå voldingane sjølve. Det er dei som har fått ansvaret for planlegginga.

75 personar møtte opp for å dele sine innspel og tankar.

– Vi er ute etter å finne dei tinga som gjer Volda unikt, og vi vil høyre frå alle som bur her, som jobbar her, studerer her eller oppheld seg her i kortare eller lengre tidsrom. Kva manglar vi og kva ønskjer vi. Det kan handle om alt frå leikeplassområde til møteplassar og kafear. Handel er også ein viktig bit av det. Vi har helse og vi har skule, skildrar Halck.

Visjonært

Mange hadde innspel under møtet, mellom anna var det stort engasjement for å sikre at dei gamle trehusa i Halkjelsgata vert bevart.

– Mange tok også til orde for tettare band mellom sentrum og omland. At vi kan knyte betre saman turområda frå sentrum og utover til dømes. Andre forslag var meir visjonære. Tanken er at planen skal innehalde konkrete tiltak som let seg gjennomføre, og visjonære tiltak som skal legge grunnlaget for utvikling i framtida.

Prosjektet har fått namnet «Mellom bygningane i Volda», for å få fram samspelet dei er ute etter. At det skal vere tette band mellom det som skjer ute og det som skjer inne i husa i Volda sentrum. At ting høyrer saman.

– Trehusa er viktige, og vi må sjå på kva vi kan gjere for å heve dette flotte området. Og så er det studentane som ønskjer fleire møteplassar, og så handlar det om balansen mellom bilbruk inn mot sentrum og det å sykle og gå. Målet er å få til eit sentrum for alle.

Halck seier at det er litt tidleg å konkludere med kva planen vil føre til, men er positiv etter møtet.

– At så mange møtte opp viser at voldingane bryr seg om heimstaden sin. Det gir meg håp om at vi får til ein skikkeleg utviklingsplan for bygda.