Ein lærar frå Sunnmøre er i Søre Sunnmøre tingrett dømt til fem år og ni månader i fengsel for valdtekt av ein elev. 26 dagar kjem i fråtrekk for varetektsfengsling.

Overgrepet skal ha skjedd på lærarrommet på skulen.

Mannen i 40-åra må også betale oppreisingserstatning på 200.000 kroner til jenta.

Ho var berre 12 år då overgrepet skjedde, og læraren var klar over hennar låge alder.

Var klar over kva han gjorde

Retten finn det bevist utover ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at tiltalte var klar over kva han gjorde og at han med vitande og vilje valde å gjennomføre handlingane, og at han såleis har utvist det naudsynte forsett.

Mannen har heile tida hevda si uskyld, og har kalla fornærma si forklaring for ei grov løgn.

Han var kontaktlærar for jenta, og skal ifølgje fornærma ha kome med seksuelle tilnærmingar mot henne ved fleire høve, mellom anna ved å sende henne lappar og kalle henne deilig og sexy.

Han har også befølt henne, mellom anna under elevsamtalar, der dei to var aleine i rommet.

Valdtekta skjedde på lærarrommet på skulen etter at undervisninga var ferdig.

Jenta har fortalt at ho etter overgrepet var konstant redd, og at ho etter kvart begynte å gå med kniv på skulen.

Ho fortalde ingenting om det som hadde skjedd. Først etter ti månader fortalde ho det til si eldre syster, som igjen varsla læraren sin.

Mannen er også dømt for uanstendig åtfed mot ei anna jente, ved ein annan skule der han var vikar.