Begge laga sløste med sjansane i opnngsminutta og det gjekk fem minutt før Kine Kvalsund kunne gi Volda 1-0 leiing. Etter 10 minutt stodet 2-2 og byjentene var i støtet fram til midten av omgangen og leia då 5-4. Resten av omgangen var det klasseskilnad på laga. Malene Aambakk og Line S.Hagen spelte svært bra i angrep og i forsvar storspelte heile Voldalaget og slapp Ålesund sjeldan til.  Ved pause sto det 14-7.

Ålesund kom sterkt

Volda held trykket også dei første ti minutta av andre. Då Linn Berg sette inn 19-10 trudde dei fleste på tribuna at det heile var avgjort. Men i ei svak ti- minuttsperiode av bortelaget der det meste gjekk stang ut, greip Ålesund sjansen. Heia fram av eit svært entusiastisk heimepublikum greidde dei å redusere Volda si leiing til tre mål. Sju minutt sto då att av kampen og tavla vist 19 - 22. Line S.Hagen som spelte ein god kamp, hadde kome innpå att etter ein kraftig smell, og skåra to viktige mål som førte Volda opp i femmålsleiing. Like etter auka Hilde Egset til 25-20 og kampen var avgjort. Ålesund kjempa inn tre skåringar dei to siste minutta og var nok alt i alt  godt fornøgde med prestasjonane i kampen.

Poenga viktigast

For Volda var poenga viktigast. Laget leverte ein svært god forsvarskamp i 1.omgang. Dei spelte seg også fram til svært mange klare målsjansar, men det var dagen då spelarane ikkje heilt var venn med ballen. Alt for mange avslutningar traff ikkje mål eller blei redda av Ålesund si gode målvakt, Camilla Jøsok Nybø.

- Slike oppgjer blir jamne

Voldatrenar Igor Terzic var ikkje overraska over at det blei jamnare enn mange trudde.

– Mange forventar at vi skal vinne med 10-15 mål. Men dette var eit lokaloppgjer mellom to lag som kjenner kvarandre godt og slike oppgjer blir jamne. Ålesund har eit godt lag og spelar dei som i dag, blir det mange poeng framover.  Vi gjer ein god 1.omgang i forsvar, framover bommar vi på 8-10 hundreprosentsjansar, men leiar likevel med sju ved halvtid.  Etter pause føler eg vi har god kontroll sjølv om Ålesund berre var tre bak ei periode.

Terzic måtte klare seg utan ei strekkskada Aukse Aglienskiene. Malene Aambakk fekk mykje speletid og leverte ein svært god 1.omgang. Ho er heilt klart «på gang» og vil nok bli svært viktig i dei komande kampane. Line S.Hagen gjorde ein god kamp, det same gjorde Kine Kvalsund på venstrekanten.

Toppkamp til helga

Komande laurdag kan mykje bli avgjort i toppen av tabellen. Då kjem det einaste laget som kan utfordre Volda denne sesongen på besøk til Voldahallen. Byåsen Bredde ligg eitt poeng bak Volda, men har ein kamp meir spelt. Med Voldasiger vil laget få ei luke til Byåsen som kan bli svært god å ha inn mot slutten av sesongen.

Kampfakta

Ålesund HK  - Volda HK     22 – 25 ( 7 -14)

Fagerlihallen: 330 tilskodarar.

Volda: Runa Vik, Melita Jug, Anette Berg  , Linn Berg 1 , Kine Kvalsund 4 , Olivia Kiss 2 , Maria Ulla ,  Line S.Hagen  8, Vanessa S.Hoel  ,Malene Aambakk 6 , Hilde Egset 3, Tina Gavranic 1 .

Toppskårar  Ålesund: Marte Nornes,Elin Ulvestad Sætre og Stine Juliebø 5 kvar.

Best på Volda:  Line S.Hagen og Malene Aambakk.

Utvisningar: Volda 2 x 2min, Ålesund 3 x 2min.

Tekst: Ove Krumsvik