Frå nyttår har Ørsta ungdomsskule vorte ein mobilfri skule. Dei var spente på korleis dette ville gå, men erfaringane så langt er positive.

Paragraf 9a i opplæringslova slår fast at alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Med bakgrunn i dette vart det forbode for elevar å bruke mobiltelefonar i skuletida på Ørsta ungdomsskule frå nyttår.

Bakgrunnen for vedtaket er tilbakemeldingar om at mobilen tek merksemda frå elevane i løpet av skuledagen. Vi ønskjer ein skule der aktivitet, sosialt samspel og læring står i sentrum. Det haldningsskapande arbeidet saman med elevane når det gjeld bruk av mobil, data og internett er også viktig, seier rektor Marianne Solbjørg Ose.

– Ein god prosess

Tenkinga rundt eit mobilforbod starta hausten 2013. I løpet av vår og haust 2014 var saka innom alle organ knytt til skulen. Signala som skulen fekk tilbake var at mange meinte at ein mobilfri skule var verdt å prøve.

– Nokre var også skeptiske, men det er også naturleg. Vi hadde eit ynskje om å innføre det i fjor haust, men grunna organisatoriske omsyn vart det utsett og innført ved nyttår.

No har ikkje elevane lov til å nytte mobiltelefonen i skulekvardagen. Om den vert brukt ventar ein merknad, og får elevane tre merknader vert føresette kontakta.

– Det har gått veldig bra så langt. Prosessen har vore lang, men det er naudsynt når det skal gjerast viktige avgjerder. Elevane og lærarane har vore positive, og foreldra har vore støttande. Det har vore nokre få mobiltelefonar å sjå etter innføringa, og dette vert handtert etter regelverket. Vi ser no meir aktivitet i skulekvardagen, elevane er framleis blide og vi ser fleire ansikt som ikkje er nede i mobiltelefonane. Elevane verkar nøgde. Dette er ein veldig god start på det nye året, og gir eit godt grunnlag for våren, seier Solbjørg Ose.

– Ingen gøymer seg vekk

Leiar Mathis Terøy Finnes og nestleiar Sigrid Hovdenakk i elevrådet tykkjer at innføringa av det nye regelverket har gått bra.

– Eg tenkte at det kom til å gå dårlegare enn kva det har gjort, og det er no eit meir sosialt miljø, seier Finnes.

– Det er lettare å sjå folk no, og det er ikkje nokon som gøymer seg vekk med mobilen i handa, legg Hovdenakk til.

– Saknar de mobiltelefonen?

– Eg kjenner litt på det, men det går bra.

Elevrådet har og teke initiativ til at det vert laga skulekino i bomberommet. Dette vert det no arbeidd med.

– Skulen ynskjer å ta vare på det gode elevmiljøet og utvikle det vidare. Fokus på aktivitet og inkludering vil vere viktig våren 2015, seier Solbjørg Ose.