Denne veka kom det på plass nye vegskilt på E39 i Volda. Hovudsakleg er endringa at det no er skilta med grøne symbol for riksveg 651 mot Folkestad.

Det har vore mange diskusjonar om korleis skiltinga på strekninga bør vere, og skilta ved ferjekaia i Volda er skifta ut fleire gonger allereie.

Kåre Mittet i Statens vegvesen opplyser at ny skilting for E39 (Kvivsvegen) og rv. 651 (Stigedalen) også skal kome på plass ved Kjøs bru i Hornindal og Hjellekrysset på Eid med det første.

– Det arbeidet pågår, men eg har ikkje snakka med entreprenørane om kor langt dei er komne.

I tillegg skal delar av skiltinga langs Kvivsvegen bli oppdatert, om det ikkje har skjedd allereie.