Julestemninga kan verte komplett for dei som søndag vil oppleve klassikaren Nøtteknekkaren frå Nasjonalballetten overført til Ørsta kulturhus.- For mange er Nøtteknekkaren den ultimate førjulsopplevinga. Nøtteknekkaren er klassisk ballettmagi og Tsjajkovskijs smittande musikk. Nøtteknekkaren er små barn som i pausen dansar rundt i foajeen og prøver å stå på tå i tunge vinterstøvlar. Nøtteknekkaren er Nasjonalballettens juleeventyr, seier kulturhusleiar Janne Grytten.

Historia startar i familien Stahlbaums heim idet juletreet blir tent og store og små festgjester strøymer inn. Blant gjestane er den mystiske herr Drosselmeyer, som gir lille-Clara ein nøtteknekkar forma som ein soldat. Det ser ut som ei heilt vanleg leike, men så, om natta, startar mystiske og magiske ting å skje. Etter familien sitt juleselskap legg Clara ut på ei drøymereise. Saman med Nøtteknekkarprinsen besøkjer ho fjerne stader som Snødronninga og Blomsterfeen sitt land, og opplever dans frå alle verdenshjørne. Her er små og store ballerinaer, fargerike kostymer og storslagne scenebilete.Heile Nasjonalballetten er med på framsyninga. Nasjonalballetten sin nøtteknekkar er koreografert av Dinna Bjørn og blir dansa for attande året på rad. Tsjajkovskij sin musikk blir spelt av Operaorkestret under leiing av Alexander Walker og Terje Boye Hansen.