Politiet har pågripe ytterlegare ein mann i samband med innbrotet hos ein gullsmed på kjøpesenteret Moa natt til 15. august i år. I september varetektsfengsla politiet ein annan mann i same sak.

- Siste mann vart pågripen for to veker siden i Sverige på bakgrunn av internasjonal etterlysing. Han vart overlevert til norske politimyndigheiter fredag 12. desember og vart framstilt for varetektsfengsling måndag 15. desember. Mannen er no fengsla, men vi har ikkje starta med avhøyr, seier politioverbetjent Lars Eirik Steinsland i Sunnmøre politidistrikt.

I slutten av august vart ein annan mann pågripen i Sverige, mistenkt for å ha vore med på innbrotet mot gullsmeden. Han vart seinare overført til Noreg og ble varetektsfengsla 8. september.

Politiet etterlyser framleis ytterlegare ein person i saka, opplyser Steinsland.