Torgeir Micaelsen (Ap) har spurt helseminister Bent Høie (H) om kva måte Helsedepartementet har vore involvert i prosessen knytt til val av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Han seier at all fakta på på bordet.

Høie svarer saka er så viktig at det krev at han har eit aktivt forhold til ho.

- Det er difor naturleg at eg er orientert på ein slik måte at eg er i stand til å ta dei avgjerder som det er venta at eg tek, men eg har heile tida understreka at det er dei faglege råda som skal vere avgjerande. Eg har vore klar på at prosessen med dei faglege vurderingane skulle verte gjennomført utan at eg skulle vere med å påverke desse. Eg er også oppteken av at styra no kan gjere sine sjølvstendige avgjerder på bakgrunn av dei faglege vurderingane som er gjennomført.

Hovudsjukehus

Høie seier at han ser i media at enkelte stiller spørsmål om det er legitimt å ha kontakt med styreleiar, og at dette vert sett på som eit ledd i eit arbeid mot å etablere eitt sjukehus for heile Møre og Romsdal, og at det nye sjukehuset skal ha ein slik funksjon.

- Dette har aldri vore ei forutsetning verken for departementet eller for Helse Midt-Norge, understrekar Høie.

- Uavhengig av kva for ei tomt som vert velt for nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal, står eg fast ved at sjukehuset i Ålesund skal vere hovudsjukehuset for Møre og Romsdal.

Høie seier at han har tillit til at dei prosessane som no er gjennomført både i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge kan gjere at styra kan gjere kvalitativ gode avgjerder.

- Men eg har ikkje tenkt å unndra meg frå å ta eit ansvar i denne saka eller skjule meg bak helseføretaket sine avgjerder. Difor har eg bestemt å halde eit føretaksmøte for å konkludere i saka. Dette vil bygge på saksframlegga og vedtaka i dei to styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge, seier han.