Folket på Bjørke er glade for endeleg å kunne nytte den kommunale vegen gjennom Tyssemyrene, seier Perry Bjørke på Bjørke.

Han viser til at brua har vore stengd i over to år etter at ho vart flaumskadd i 2012.

Vi heldt mest på misse trua på at det vart ny bru i år. Difor er det fint at brua kom. Det vert no også enklare for dei på Åkre å kome seg opp Erkebrauta. Ho kan vere trasig om vinteren, seier Bjørke.

Han understrekar at han fyrst og fremst er glad for at brua er opna, men undrar seg over kvifor ho ikkje vart breiare.

– Det kan verte trongt å kome seg over med landbruksmaskinar og med dei nyaste landbruksreiskapane. Det same gjeld for snøbrøytinga. Men vi får håpe at rekkverka held, seier Bjørke.

Han registrerer at sjølve brua er ferdig, men at det står att litt på vegen på begge sider av brua.

– Ho er 30 cm høgare enn vegen, og fungerer som ein fartshump. Men dette reknar eg med vert ordna til våren, seier Bjørke.