– Vi er glade og takksame for å ha fått med oss ein så solid person på laget, skriv kommunen på nettsidene sine.

Han tek over etter Svein Silseth, som blir pensjonist. Sundgot starta i jobben i starten av mars neste år.

Sundgot er utdanna sivilingeniør med vidareutdanning i jus og administrasjon og leiing.

Han er fødd i 1954, busett i Ulstein og kjem frå ei stilling som labsjef og utviklingssjef ved Høgskolen i Ålesund. Tidlegare har han vore lektor ved den same skulen i 15 år, og teknisk sjef i Sula kommune i 18 år.

– Det ein særs kompetent medarbeidar som sluttar seg til oss, og som gir sterkt uttrykk for at han ser fram til å vere med på å utvikle kommunen vår, skriv kommunen.

– Dette gler eg meg til. Eg ser med spenning og forventning fram til å starte i  jobben. Ørsta kommune er ei kommune i utvikling, og det er mykje spennande å ta fatt i. Eg har også møtt mange kjekke folk på rådhuset, og føler meg velkomen, seier Sundgot til Møre-Nytt.

Det var sju søkjarar på stillinga som seksjonsleiar tekniske tenester i Ørsta, mellom anna fleire utanlandske statsborgarar. Stillinga var lyst ut for tredje gong.