I staden handlar kvardagen for Ivar Longvastøl om krutkaffi og utklekking av skriveføre, unge nynorskbrukarar på ein journalistfabrikk i Førde.

Og han likar det 57-åringen, å vere leiar for Nynorsk avissenter der han starta 1. september. Der jobbar Longvastøl med å lære opp og pøse ut robuste journalistar til nynorskavisene for å styrkje dei.

– Botnen i avissenteret handlar om å oppretthalde nynorsken som bruksspråk og å ta ansvar for å utdanne dei som handterer digitale verkty, forklarar Longvastøl. Han opplever å få inn stolte og medvitne nynorskbrukarar som praktikantar. Og «fabrikksjefen» er allereie overtydd om at avissenteret er langt meir enn «gode greier».

– Vi gjev eit fantastisk opplæringstilbod! Insisterer den utflytte vartdalingen.

Møre-Nytt møter Ivar Longvastøl på Ivar Aasen-tunet der praktikantar både frå avissenteret og NRK sitt nynorske mediesenter er på plass for å lære om Ivar Aasen.

Eit halvt år

Nynorsk avissenter lærer opp høgt utdanna menneske til journalistar på berre seks månader. Dei går ein tøff skule, og vert umiddelbart kasta ut i praksis i ei mediebedrift med ein mentor på slep. På senteret underviser dei beste forelesarane om m.a. språk, journalistiske metodar og presseetikk. Det er fjernt frå den tida ein yngre og mørkare Longvastøl fekk beskjed om å «berre skrive som f..., så får vi heller dementere».

Eit sentralt formål med avissenteret er å styrkje nynorskavisene, 59 i talet, inkludert dei som brukar begge målformer, som no treng journalistar med høg digital kompetanse.

Firda Media er base for avissenteret. Men institusjonen er eit nasjonalt tiltak som skal kome heile landet til gode.

NRK Nynorsk mediesenter har drive med opplæring av nynorskbrukande journalistar i Førde i ti år, med NRK Sogn og Fjordane som vertskap, og spissa mot radio og fjernsyn. Dei har lært opp 100 praktikantar, mange av dei profilerte nynorskbrukarar i NRK i dag. Nynorsk avissenter driv etter same modell og i tett samarbeid med NRK sitt nynorske mediesenter. Dei to opplæringssentera ligg i det Longvastøl karakteriserer som den nynorske medieklyngja i Førde. Avissenteret og mediesenteret utdannar til saman atten nynorskpraktikantar kvart år.

Ventilen

Ivar Longvastøl starta journalistkarrieren som ivrig skribent i det stødige medlemsbladet Ventilen på Vartdal. Seinare vart det journalistjobb i Møre-Nytt, lærar- og journalistutdanning, litt skulejobbing og NRK. Så vart det Firda, der Longvastøl har arbeidd i atten år.

Fram til sist sommar har Ivar Longvastøl budd i Cape-Town der kona Siw Heggedal Longvastøl er leiar for Innovasjon Noreg sitt Sør-Afrika-kontor. Ho vart verande medan ektefellen altså drog heim og kasta seg ut i ny jobb i Førde. Og no har han vakna, denne pratekåte, blide mannen. For etter at Ivar Longvastøl kom ut av nynorskreservoaret Sogn og Fjordane, og fekk sjå verda frå utsida, noko han meiner alle kan ha godt av, har nynorskforkjemparen verkeleg vakna i han.

– Det er ikkje tvil om at nynorsken er under sterkt press frå mange hald. Og såleis er avissenteret ein viktig institusjon, også for å styrkje nynorskavisene. Det kjem ut om lag 500 nynorske bøker kvart år i Noreg. Legg ein saman alt det dei 59 nynorskavisene produserer, kjem ein til 2.100 bøker. Det må vi halde på!