3,5 timar på overtid kom Luftfartens Funksjonærforening (LFF) og NHO Luftfart til semje i meklinga. Dermed vart det ingen flyplasstreik tysdag morgon, melder NRK.

I alt 680 tilsette i SAS og Widerøe, hovudsakleg i innsjekk og ved billettkontor, var klare til å gå ut i streik. Dette ville også har råka flytrafikken frå Hovden.

Les også: Streik kan få konsekvensar for Hovden

Det er den dårlege lønsutviklinga i luftfarta som førte til konflikta. LFF argumenterte med at lønnstillegga har vore langt lågare for dei som jobbar i luftfarta enn for dei som jobbar i samfunnet for øvrig.

Over 61 prosent av LFF sine medlemer forkasta i oktober den framforhandla avtalen i ei uravstemming, fordi dei meinte lønsutviklinga var for dårleg. Dermed vart det møte mellom LFF og NHO Luftfart hos Riksmeklaren.