Heidi Barstad ønskjer å få sett opp eit busskur ved Coop Marked i Barstadvik, og har sendt brev til Statens vegvesen.

– Når det er surt og dårleg vêr, har vi ingen stad å søkje ly medan vi ventar på bussen. Vi har difor behov for eit busskur sentralt i bygda, skriv Barstad.

Ho påpeiker at det er tilrettelagt med busskur i bygda i nordgåande retning, men ikkje sørover mot Ørsta.