Mats Andersson, nyvald styreleiar i Nordfjordkryssing AS, meiner Nordfjordbrua kan kome innan ti år.

Fjordabladet skriv at Nordfjordkryssing AS har valt nytt styre som har fokus på bruteknologi og finansiering.

- Ferjer med store driftskostnader vil i framtida bli avløyst  av bruer. Utviklinga av flytebruteknologien har starta, og vi kjem til å sjå ein prisreduksjon i åra som kjem. Samtidig som prisen på bruene går ned, går kostnadane for drift av ferjer opp. Den auka kostnaden for samfunnet gjev grunnlag for finansiering gjennom ferjeavløysingsmidlar og bompengar, seier Andersson.

- For ei ferjekryssing som Anda-Lote, som er kort, sterkt trafikkert og veleigna for ny flytebruteknologi, betyr det at ei bru vil kunne vere sjølvfinansiert i løpet av få år. Målsettinga er at brua skal vere på plass i 2025.

Ny teknologi

Nordfjordkryssing AS går inn i ein ny fase. Framover skal selskapet jobbe med å drive fram ny bruteknologi. Det blei i statsbudsjettet sett av planleggingsmidlar til brukryssingar i Møre og Romsdal og dette er eit arbeid selskapet vil følgje tett, skriv Fjordabladet.

- Ny teknologi og ei systematisk tilnærming til logistikk, planlegging og masseproduksjon av bruelement gjer at bruene vil gå ned i pris. Dette er nyvalt leiar i Nordfjordkryssing AS, Mats Andersson sin kommentar til strategiarbeidet i selskapet.

- Vi skal sørgje for at vi har ei god bru-løysing på plass når tida er mogen. Ei bru-løysing som er tilpassa inntekter og det planverk som no er under utarbeiding av Eid og Gloppen kommune, seier Andersson.

Finansiering

Selskapet kjem også til å jobbe med finansiering av utbygginga og knyter til seg personar i styret og selskap eksternt som vil legge til rette for ein optimal ressursutnytting av dei inntektene bruprosjektet har.

Med nye mål og tilhøyrande arbeidsoppgåver har eigarane fått på plass ei ny styresamansetting. Mats Andersson tek over etter Nils R. Sandal som styreformann. Svein Ottar Sandal held fram som nestleiar og Jan Olav Tryggestad og Ingolf Aagard held også fram i styret.

Arne Steinsvik inn, daglig leiar i Nordplan AS, kjem inn som nytt styremedlem frå næringslivet i Eid. Arne Steinsvik bur i Volda og har blant anna ei fortid frå sentrale posisjoner i Saferoad AS i Ørsta og Sweco As (Grøner) i Oslo. Frå næringsliv/politikk i Gloppen kjem Olin Johanne Henden inn. Ho har både politisk og næringslivsbakgrunn. Den siste styremedlemen blir varaordførar i Sogndal – Laura Kvamme. Ho bur i Fjærland, er økonom av utdanning og har svært relevant kompetanse.

Vidare er Erling Sande innvald som møtande 1. vara. Erling Sande kjenner prosjektet godt frå sine periodar på Stortinget og representer også næringslivet i regionen.