Det er duka for trylling av høg klasse når tryllekunstnar og illusjonist Hans Henrik Verpe kjem til Ørsta kulturhus søndag for å ha trylleshow.

Hans Henrik Verpe er ein av Noregs mest allsidige trylleartistar. I tillegg til å vere ein racer på trylling, spelar Verpe fiolin og driv med standup. Denne mannen har alt, vert det fortalt i eit presseskriv.

-  Karisma, fortellrevne, humor, glimt i augo og fingerferdigheitene godt på plass.Hans Henrik vekte kongerikets oppsikt då han i 2011 søkte Kong Harald om å få jobbe som hoffnarr. Trass avslaget held Verpe fram med å ta landet med storm med ein kombinasjon av humor, magi og galskap.

Norske talenter

- Hans Henrik er ein høgt premiert og suksessfull tryllekunstnar. Det brennande engasjementet han har for sitt fag gjer han til ein sikker vinnar på scena, og han er i dag ein av dei yngste heilprofesjonelle tryllekunstnarane i Noreg. Med fleire topplasseringar frå Norgesmesterskapen i trylling, og semifinaleplass i TV2-programmet Norske Talenter (2011), er det ingen tvil om at Hans Henrik held eit høgt teknisk nivå. I tillegg serverer han alltid triksa sine med ein god porsjon humor, og kan garantere at latter og forundring går hand i hand hos publikum.