Fora Form fekk svært god respons på fleire modellar under møbelmessa i Köln nyleg.

- Standen vår vart godt besøkt og responsen på møblane var god.  Ja, eg har god tru på auka sal til utlandet.

Salssjef Frode Sporsheim sit att med ei god kjensle etter møbelmessa Orgatec, Modern Office & Facility i Köln. Fora Form har vore med på messa, som vert arrangert annankvart år, fleire gonger, men no var det ti år sidan sist grunna dei økonomiske nedgangstidene i Europa i 2004 og 2008. Med nye eigarar som pådrivarar, og med eit stort potensial for sal av nye produkt – og eit mål om auka eksport - vert det no satsa sterkt på å finne nye kundar også i utlandet. Og bedrifta kan vere på veg. Salssjef Frode Sporsheim har tru på land som Frankrike, England, Tyskland og Benelux-landa.

- Men eg har også tru på Midt-Austen. Dette er i stor grad ein høgkostnad-marknad som er veldig interessant, vurderer Sporsheim.

Potensial

Etter responsen på messa trur salssjefen at den nylanserte stolen «Pond» kan ha eit ekstra stort salspotensial.  Stolen er formgjeven av Olav Eldøy. Han er ein formgjevar Fora form har nytta seg mykje av tidlegare, og som har vore med på å forme ut produkt som har hatt stor salssuksess.

- Eg har også spesielt tru på sitjegruppene Senso og Up, seier Sporsheim.

Fora Form har i dag 15 prosent eksport der hovudkunden deira er i Japan.

- Vi trur på ein auke, men det handlar om langsiktig arbeid, og vi må vise tolmod, seier salssjefen.

Auka sal

Det går mot eit godt salsår for den tradisjonsrike møbelbedrifta på Mosflatene. Sjølv om det også i år har vore tungt å få i gang salet etter sommaren, går det mot ein salsvekst.

- Det tek seg no opp att. Eg har tru på at vi skal auke salet i år med pluss minus 10 prosent, seier Frode Sporsheim.