Det er klart etter at samferdselsutvalet i Møre og Romsdal ionsdag gjekk samrøystes i mot fylkesrådmannen si innstilling om å kommersialisere flyruta mellom Hovden og Oslo frå neste tilbodsperiode.

Ordførar Rune Hovde meiner dette betyr at dagens rutetilbod er sikra.

- Ja, dette er eit godt og fornuftig vedtak som er med på å sikre eit godt tilbod frå flyplassen framover. Takk til alle som har jobba med denne saka så langt! Seier Hovde.

Han konstaterer at det har vore jobba godt i kulissane etter at fylkesrådmannen kom med framlegg om å leggje ut rutetilbodet på Hovden på den frie marknaden.

- Vedtaket i samferdselsutvalet er både gledeleg og fornuftig. Eg stiller spørsmål om kva som var tanken bak fylkesrådmannen si vurdering. Hadde hans syn fått gjennomslag kunne konsekvensen ha vore at svært negativt for flyrutene på lufthamna vår, seier ordføraren.