Arrangøren Bratt og Blått er stolte av å presentere Ruphus, det legendariske bandet frå 70-talet.

- Dei som hugsar 70-åra hugsar ei tid med god musikk. Svært god musikk. Fire band utmerkar seg i historia frå denne tida, Popol Ace (tidlegare Popol Vuh), Aunt Mary, Junipher Greene og Ruphus. Aunt Mary spelte hard prog rock, medan Junipher Greene, Popol Ace og Ruphus spelte ei blanding av prog og Sympho rock, seier Kyrre Grimstad i Bratt og Blått.

Ruphus vart danna i 1970 og oppløyst i 1981. Ruphus var eit av flaggskipa innan norsk rock på 70-talet. Bandet oppnådde stor anerkjenning i fleire europeiske land, og var meir populære i Vest-Tyskland enn heime i Noreg.

Opphavlege medlemmer

No er Ruphus altså tilbake, i allefall nesten. På Rust laurdag 25. oktober kjem bandet med tre av dei opphavlege medlemmene frå Ruphus.

Kjell B. Larsen starta bandet i 1971, og han var medlem heile tida. Gudny Aspaas var også medlem av den første utgåva, og ho slutta og starta opp igjen fleire gonger i løpet av dei 10 åra dei har eksistert. Noko som prega Ruphus sitt musikalske uttrykk var Gudny Aspaas si stemme. Ho har klart å halde stemma vedlike i alle desse åra, og framfører stadig dei legendariske låtane på ein framifrå måte.

- Kven hugsar ikkje låtar som Trapped In A Game, New Born Day og Coloured Dreams? På Rust får vi høyre desse I levande live, framført av særdeles dyktige musikarar, seier Kyrre Grimstad.

I gruppa spelar Gudny Aspaas, song, Kjell B. Larsen, gitar, Kjell Rønningen, orgel og song, Preben Olram, bass og song, Terje Pedersen, trommer og song.