Måndag morgon tok det til å brenne i ein eldre bustad i Hagevegen på Sætre i Ørsta.

Naudetatane rykte ut til staden. Det var stor røykutvikling, men brannen vart raskt sløkt.

Dei to personane som var inne i huset, kom seg ut av det brennande huset. Dei skal etter det Møre-Nytt erfarer ikkje vere alvorleg skadde.