Ulykka har skjedd på E39 nedanfor Rystefeltet.

Det sat ein person i kvar av dei tre bilane. Ein mann sat fast i bilen sin. Han skal ha fått lettare skadar, men er flogen med ambulansehelikopter til sjukehuset i Ålesund. Ein av dei andre personane skal også vere lettare skadd.

Møre-Nytt sin reporter på staden får opplyst at det kan sjå ut som ein kjedekollisjon. Bilane har køyrt i retning Ørsta.

Trafikken vart dirigert på alternative vegar, og det har vore lange køer på staden.

Riksvegen er no opna for trafikk.