Då opna Birkeland måleriutstilling. Og responsen på bilda var god. Det gjekk ikkje lenge før mange av bilda var selde.

- Yngvil er uttruleg flink med form og fargar. Ho lagar flotte stemningar og inviterer til å framkalle eigne historier, meiner Mai Britt Aambakk og Vidar Birkeland.

Dei var to av mange som tok turen til opninga av denne maleriutstillinga. Tretti bilde heng på veggene i Kunsthuset. Dei fleste har vorte måla siste halvåret. Yngvil Birkeland er altså ein produktiv kunstnar.

Folk

Ho hadde si første separatutstilling for fem år sidan. I starten måla ho mykje landskap, planetar og folkemengder. No går ho lenger inn i bildeverda og tettare på folk. Men ho skaper bilda på same måte: Yngvil sine bilde vert intuitivt til medan ho jobbar. Det byrjar med eit slags kaos av fargar, og når ho har fått fram det ho meiner er ei interessant overflate, vurderer kunstnaren om det kan finnast noko i bildet som kan vidareutviklast. Lag på lag - heilt til ho er nøgd.

Stilen hennar vert skildra som abstrahert figurativ. Det visuelle landskapet sjåarane møter i dei fargesterke bileta opnar for fleire tolkingar.

- Det viktigaste er at dei som ser bilda sjølve gjer seg opp ei meining om kva dei ser. Eg vil at folk skal oppdage sine eigne historier, forklarar Yngvil.

Ho har stilt ut bilde mange stader. Ekstra spennande er det å stille ut på heimebane, i regi av Volda og Ørsta kunstlag.

Press

- Ja, eg føler eit ekstra forventningspress på denne andre lokale separatutstillinga. Folk lurte vel på kva eg no skulle kome med, og kva som har skjedd sidan den siste utstillinga, vurderer Ingvil som til dagleg er faglærar i musikk og kunstfag.

I løpet av dei siste åra har Birkeland delteke på fleire juryerte utstillingar. Ho er medlem i NFUK (Norsk forening for utøvende kunstnere), og er også bidragsytar i boka Artists Across Continents.

Under opninga song unge damer frå musikklina i Volda Mozart i acapellaversjon. Poet Fanny Holmin framførte også eit dikt som var spesialskrive til

opninga av kunstutstillinga. Ho varer til 18. oktober.