Volda-damene fekk som venta tøff motstand mot fjorårets eliteserielag Levanger. Heimelaget leverte ein god forsvarskamp og held følgje med trønderane til fem minutt sto att av kampen.Volda-trenar Igor Terzic har dei siste to vekene fokusert mykje på å få til eit godt forsvar og det har heilt klart gitt resultat. Volda opna best og gjekk rett opp i ei 3-1 leiing i ein heller målfattig 1.omgang. Levanger kom sterkt tilbake og ved pause var det dei som leia med to.Etter pause var det lenge svært jamnt, men mot slutten var det trønderlaget som hadde mest krutt i avslutningane og kunne tilslutt gå av bana med 20-16 siger og vidare cupavansement.

Gode målvakter

Begge lag hadde gode forsvar og gode målvakter. Framover på bana sleit Volda med avslutningane og det blei også litt for mange tekniske feil.Trenar Terzic likar ikkje å tape ein handballkamp, men såg likevel mykje positivt å ta med seg vidare.

– Vi møtte ein god motstander og leverte forsvarsspel av høg klasse. Vi brukar mykje krefter i forsvar noko som kanskje gjekk litt utover prestasjonane i angrep. Her blei vi for unøyaktige og det blei for mange bom.Søndag (i dag) er det nytt møte mot Levanger. Denne gong mot andrelaget som spelar i 2.divisjon.

Kampfakta: Volda HK- Levanger HK      16 – 20 ( 7-9)Voldahallen: 200 tilskodarar.Volda: Runa Vik, Anita Gaarder, Anette Berg, Linn Berg 1, Kine Kvalsund, Olivia Kiss 1, Maria Ulla, Hilde Egset 4, Line S.Hagen 3, Vanessa S.Hoel 1, Aukse Aglienskiene 3,Tina Gavranic 3.Toppskårar Levanger: Monika Odrowska 5.Best på Volda: Vanessa Hoel og Runa Vik.Utvisningar: Volda 2 x 2min, Levanger 4x 2min.Domarar: Thomas R.Moen og Sindre Emil Bogar.