Biblioteksjef Birgit Barstad Sørheim hadde nesten vanskar med å tru det var sant då ho summerte opp Sommarles, der biblioteka stimulerer til leselyst og leseglede mellom unge.

Stad: flatsalen på kulturhuset. Tid: laurdag ettermiddag. Kvifor: Avslutningsfest for dei som har delteke i Sommarles. Dette vert  arrangert ved fleire norske bibliotek, og målet er altså å stimulere til leselyst. Born frå første til sjuande klasse kunne delta.  Dei måtte låne og lese minst fem bøker for å vere med i trekninga av bokpremiar, men alle deltakarar fekk diplom. Elles kunne dei lese sjølve, verte leste for - eller dei kunne høyre på lydbøker. Alle bøker talde.

Fleire enn i fjor

Med 93 deltakarar auka talet med tjue samanlikan med i fjor sommar. Deltakarane las i gjennomsnitt vel atten bøker kvar..Kven sa at born og unge berre sit og spelar dataspel eller sit på internett?

- Eg vil takke både lærarane på skulane og foreldra for at Leselyst er så vellykkka. På biblioteket har vi mange kjekke bøker de kan lære av. Alle vil finne noko dei likar, fortalde biblioteksjef Birgitt Barstad Sørheim før borna vart premierte. Og attåt premiar og diplomar og noko å putte i munnen fekk sei servert gode tonar frå gjengen i gruppa Greinalause.