Av utlysingsteksten går det fram at kommunen vurderer to løysingar. Det eine er legesenter med lokale og areal for legevakt, det andre

er legesenter utan legevakt.

Stettar

- Det er viktig at planløysing og funksjonar er utforma slik at dei stettar dei driftsmessige behova for eit velfungerande legesenter/legevakt, heiter det i utlysinga.

Ved val av løysingar vil det bli lagt vekt på universell utforming, fullgod lydisolering (vegger,dører og kanalar) , løysingar som sikrar diskresjon og ivaretaking av tausheitsplikt i pasientmottak , ekspedisjon og telefonmottak og tilrettelagt for god hygiene og reingjering av lokale. Det vert også stilt krav om ein del parkeringsplassar.

Ørsta kommune legg til grunn at ein leigeavtale skal gå over 10 år og med opsjon på lenging med fem år.