- Det er sjeldan vi øver på skogbrann og lange slangeutlegg. Men etter dei store skogbrannane som har vore i landet siste halvåret satsar vi no meir på å øve på sløkking av slike brannar, fortel brannsjef Einar Ytre-Hauge.

Hovdevatnet

Onsdag kveld vart heile brannvernet, kring tjue personar, kalla ut for å øve på skogbrann i åsen over Hovdevatnet.  Det vart pumpa vatn frå badeplassen i Hovdevanet, og kring 300 meter med brannslangar vart nytta. Såleis fekk mannskapet også testa om dei kan å seriekople slangane, og elles om pumpeutstyret fungerer som det skal.

Frå vatnet til brannstaden var det kring femti høgdemeter. Brannvernet sin tankbil, som tek 15.000 liter, og den vanlege brannbilen, som tek 3000 liter, vart først tømde før mannskapet pumpa vatn frå Hovdevatnet. I følgje brannmannskap og varaordførar Paul Kristian Hovden vart det pumpa 5000 liter i minuttet frå vatnet.

Budde

- Det er sjeldan vi har bruk for å rigge til så mykje utstyr som i dag.  Men vi ønskjer å vere budde på at det også i vårt område kan oppstå store skogbrannar som krev store ressursar. Difor er det viktig å vere så godt budd som råd, seier brannsjef Einar Ytre-Hauge.

Ørsta brannvern øver kring 10-12 gonger i året. Først og fremst handlar øvingane om å sløkke brann i bygg og å redde folk som sit fastklemde i samband med trafikkulykker.

Og korleis gjekk det med øvinga ved Hovdevatnet?

Gjekk godt

- Vi brukte 22 minutt frå vi rykte ut frå stasjonen til slangane var ferdig kopla og klare til å pumpe vatn.  Eg synest øvinga gjekk godt, seier brannsjefen.

Nokre av mannskapet spekulerte i kor lang tid det ville ha teke å pumpe heile Hovdevatnet over til Ørstafjorden.

- Det hadde vel vore verre å pumpa det tilbake, kom det frå ein...