Dette går fram av eit fellesframlegg frå Høgre, Frp, KrF, Venstre og Senterpartiet som vart lagt fram i formannskapet tysdag.

Fleirtalsframlegget vart presentert i samband med den nye økonomiplanen som skal gjelde frå 2015 til 2018.

- Etter tre år med innsparing, rydding, forenkling og betring er tida inne til å ta viktige grep for å utvikle kommunen, seier partia bak det alternative framlegget.

Arbeidet som er gjort for å få kontroll med kommunen sin økonomi skal sikrast gjennom framleis stram styring og prioritering. Kostnadene i den kommunale drifta skal reduserast slik at dei kjem ned på eit nivå tilpassa kommunen sine ordinære inntekter. Rammene til drift vert difor som, vedteke i førre økonomiplan.

Halverast

Eigedomsskatten skal halverast i løpet av dei fire neste åra, og første redukjon kjem i 2015. I 2018 er nivået ti millionar årleg mot over 20 millionar i 2014.

Når det gjeld investeringar vert det ei storsatsing på nye omsorgsbustader. I tillegg vert det blese støv av planane om fleirbrukshall. Første løyving til prosjektet kjem neste år. Planlagt byggjestart er seinast 2016.

Vidare skal Ørsta kulturhus renoverast og arbeidet med legesenter og legevakt-tenester skal ha full prioritet. Løyvingar til dette skal inn i budsjettet neste år.

Også utvikling av Ørsta sentrum skal prioriterast gjennom deltakinga i arkitektkonkurransen Europan.

Vartdal

Løyvingane til Vartdal skule skal forserast i høve gjeldande vedtak slik at ein kan nå eit mål om innflytting i nytt skulebygg i 2016.