Dei godkjende bilane får utdelt eit oblat, som gjer at dei slepp å verte stoppa i tekniske kontrollar i russetida. Dei fleste bilane kunne køyre der i frå med godkjend kontroll, men ikkje alle var like heldige.

Gjengen på bilen Unisex frå Hareid var ein av dei som skuffa måtte køyre heim med mangellapp i staden for godkjendoblat. Bilen har likevell godkjend EU-kontroll, men risikerer å verte stoppa i kontrollar i russetida.

-Vi hadde ein feil på belta på tre av seta i bilen. Vi kan avregistrere seta det gjeld, men vi vil prøve å fikse det, seier Kim Hareide.

Bilen er likevel EU godkjend, og Unisex vil vere å sjå på vegane i mai sjølv om dei manglar det blå oblatet i frontruta.

Vil ansvarsgjere russen

Ingeborg Sørvik, faggruppeleiar trafikant i Møre og Romsdal, var på trafikksentralen for å prate med ungdommane om trafikktryggleik.

-Vi vil ansvarsgjere russen, og få dei til å forstå kva ansvar dei tek på seg når dei køyrer store bilar med berusa passasjerar.

Ho tykkjer russebilkontrollen er eit godt trafikktryggleigstiltak, og at det er kjekt at så mange viser interesse. I alt var det 21 bilar som møtte opp til kontrollen i Hovdebygda.

Gled seg til russefeiringa

Ein av gjengane som hadde med russebilen på kontroll onsdag ettermiddag var jentene på bilen Roulettes. Ørstagjengen fekk godkjend bilen, og no gled dei seg til russefeiringa startar.

-Vi var ute etter ein bil til en grei pris, men den trengde ikkje å vere perfekt. Vi såg først og fremst etter ein trygg og sikker russebil, og så har vi fiksa den litt sjølve innvendig.

Ingrid Starheim Masdal seier at det ikkje var aktuelt for henne å vere gå-russ.

-Det er kjekt med bil, vi vert ein spleisa gjeng og det er veldig sosialt.

Og så får ein vere med på meir utan å vere avhengig av andre, legg Ingeborg Engeset til.

Natt til 1.mai startar russefeiringa, og det er sjølve høgdepunktet i følgje Roulettes-jentene. Då er det russedåp, som markerar starten på feiringa.

14 av 21 bilar godkjende

Sverre Bigset, fagleiar køyretøy i Møre og Romsdal, seier at formålet med denne ekstra kontrollen på russebilane er å sikre tryggleiken til russen.

-Tidlegare var det mykje stygge ulukker knytt til russefeiring, difor etablerte vi desse kontrollane. Det vi ser etter er manglar knytt til den tekniske standen på bilane, samt branntryggleik. Vi har ikkje funne noko spesielt rart i dag, men ein del manglar knytt til sikkerheitsbelte, samt ein bil utan bremser bak.

Totalt 21 russebilar møtte opp på kontrollen, og 14 bilar kunne køyre der i frå med oblat i ruta. Bigset er relativt nøgd med resultatet, sjølv om han helst skulle ynskje alle bilane vart godkjende.

Gjengen på bilen Unisex frå Hareid fekk ikkje godkjend bilen sin, men den er likevel EU godkjend. Frå venstre: Henriette Hareide, Kim Hareide, Frank Strambø og Nino Goorden. Foto: Elin Raudøy