Det er ikkje så lett å stoppe kjeften til Ørsta-patrioten Lars Oscar Fossen Øvstegård, men alpin-legenda Lasse Kjus gjorde det.

Det er tysdag ettermiddag for eigaren av det flotte næringsbygget på Strømpeneset, Lars Oscar Fossen Øvstegård står (Lars Oscar er rastlaus av natur, difor står han ofte) i eit telefonmøte i den nyrenoverte avdelinga si med meir enn raus utsikt mot fjorden. Då ser han nokre kome gåande mot han frå marinaen. Dei nærmar seg, og høfleg som han er, avsluttar Lars Oscar mobilsamtalen.

- Kva svarten, tenkjer Lars Oscar og må gneke seg i auga då han ser kven som står framføre han og smiler.

- Hei, Lasse Kjus, eg håper det var greitt å parkere flyet mitt her, seier alpin-legenda.

- Parkere? Såklart. Parker  i veg så mykje du vil, humrar Lars Oscar i velkjent, entusiastisk stil.

Lasse Kjus, med gull i VM og OL, kom ikkje aleine til Ørsta. Med seg hadde han mellom anna Sindre Kinnerød, som også er dagleg leiar av produksjonsselskapet Flash Studio. Etter det Møre-Nytt kjenner til hadde dei vore på Øye og laga reklame for eit sveitsisk klemerke der Lasse Kjus skal vere på eigarsida.

Med i følgjet var også eit par som gjekk til topps i ein konkurranse for klekolleksjonen, der premien var ein flytur saman med Lasse Kjus til Øye. Vinnarane vart plukka opp på Hovden og køyrt til Strømpeneset, der Kjus hadde teke sjansen på å parkere sjøflyet sitt. Pengesterke Kjus er ein ihuga småflyentusiast med eige sjøfly. Han er også kjent frå TV-programmet Aamodt og Kjus.

Imponert

- Kjus virka imponert over lokalet mitt og vi snakka ein del om design og Fora Form, seier Lars Oscar Fossen Øvstegård som syntest Kjus var ein svært triveleg kar, og som definitivt fortente ei flaske cola frå glas.

Det er kanskje ikkje så rart at design-interesserte Lasse Kjus vart imponert over det nye lokalet til Øvstegård. Igjen har Lars Oscar lagt lista langt høgare enn det vanlege. Og no handla det siste renoveringsprosjektet om å pusse opp dei siste 300 kvm i næringsbygget på Strømpeneset. Og det som tidlegare var ein garasje, står no fram som eit stilfullt lokale med alle fasilitetar til bruk for Øvstegård sine leigetakarar. Arealet er m.a fyllt opp av designmøblar frå Fora Form.

Lokalet vart høgtideleg opna denne veka av Lars Oscar si dotter Sofie og veninna. Og då var også den kommunale toppleiinga i kommunen på plass, saman med andre viktige støttespelarar.

- Eg jobbar litt stillare enn før, men eg held på både på Strømpeneset og i sentrum elles. Av dei siste prosjekta var det givande å få vere med på prosessen som gjorde at vi no får bytta rekkverk på Nekken. Men det aller kjekkaste siste tida er opninga av Eiksenteret på  Mosflata. Der har Ulvestad og Haugen verkeleg fått det til. Og meir kan kome, seier Fossen Øvstegård som også har hatt ein finger med i etableringa der.

Han fekk lovnad frå Kjus om nytt besøk på Strømpeneset.

- Og han lova å ta med Sofie og meg på flytur neste gong han kom. Det ser vi fram til, seier Lars Oscar med eit smil.

Filmskapar Sindre Kinnerød (t.v) og Lasse Kjus fann seg godt til rette på Strømpeneset. Foto: Privat