Feilen er knytt til opplysingar om fond og enkeltaksjar som ligg innanfor aksjesparekonto og gjeld kundar i Sparebank1-gruppa over heile landet. I Sparebank1 Søre Sunnmøre er vel 300 kundar råka.

– Ein teknisk feil ved underleverandør har medført at skatterapporteringa dessverre er blitt feil. For mange av kundane er feila små og utgjer under ei krone differanse ift. skattemeldinga. Feil er feil, og vi vel og varsle om feilen uavhengig av beløp. For nokre gjeld det større beløp, seier administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Kundane det gjeld har fått beskjed frå banken.

– Alle kundane som er ramma av feilen har fått varsel om feilen har fått tilsendt riett årsoppgåve og fått sms-varsel om forholda saman med instruksjonar om korleis dei skal rette skattemeldinga, seier Brautaset.

Må sjekke og korrigere

Kundane må sjekke den førehandsutfylte skattemeldinga opp mot årsoppgåva, og eventuelt korrigere før 30. april.

–For dei tilfella der det er større beløp tar banken personleg kontakt, seier Brautaset.

Feilen kan få følger for formues og inntektsberekninga til kundane.

–Det er ein teknisk berekningsfeil ved underleverandør som er bakgrunnen for feilen, så det er ikkje gjort her i banken. Det er kjedeleg, men utanfor vår kontroll, og det gjeld heldigvis berre eit fåtal kundar. Alle som har behov for hjelp kan ta kontakt med banken, seier Brautaset.