Eldar Sætre er den desidert største næringslivsprofilen frå Ørsta, og no var han hovudnamnet på det årlege storhendet for næringslivsfolk i Ørsta- Næringskonferansen Søre Sunnmøre. Men å kalle han ørsting må ein visst vere forsiktig med.

– Det er veldig kjekt å kome tilbake til Sunnmøre, Vartdal  og ikkje minst til Sætre, og… Ørsta. Eg må stadig inn å korrigere når nokon seier eg kjem frå Ørsta. For eg kjem faktisk frå Vartdal, innleidde han med å seie.

Han var snar med å forklare kvifor det er viktig å skille Ørsta frå Vartdal. Det handlar om kommunesamanslåinga i 1963.

– Far min var ganske gudfryktig og tok sjeldan sterke ord i munnen, men det gjorde han då det kom på tale med kommunesamanslåing. Eg var 6-7 år den gongen, og det gjorde eit sterkt inntrykk. Men det har ingenting med ørstingar å gjere. For eg trivst  godt i Ørsta.

Vartdalsrevyen

Han hadde også fått med seg at det i Vartdalsrevyen vart påstått at sannsynlegheita for at Nord- Korea bomba Vartdal har auka etter at Eldar Sætre hadde møte med Donald Trump.

– Eg vil berre understreke at det var etter det møtet eg hadde med Trump at han og Kim fann ut at dei to skulle ha eit møte, sa Eldar Sætre, og hausta med det like mykje latter som Vartdalsrevyen.

Eldar Sætre er konsernsjef i selskapet som er kjent som Statoil, men som er i ferd med å skifte namn til Equinor. Det skjer ikkje utan støy. Det var konsernsjefen førebudd på.

–Det er berre heilt rett og naudsynt å gjere ei namneendring. Og det var rett tid å gjere det på. Statoil har vore eit namn som har tent oss godt i 50 år, men det ville ikkje ha fungert dei neste 50 åra. Og vi trengde eit namn som gav betre assosiasjon til det vi ønsker å vere som selskap. Equi betyr likskap. Det er eit omgrep vi kan spele på, og det er tidlaust. Og så har vi med at det er norsk.

Nye tider

For det handlar ikkje lenger berre om olje for det som til no har vore mest eit oljeselskap.

–Det er eit heilt anna energibilete no, enn det var for 50 år sidan. Det er ei fundamental endring av strategi der vi dreiar oss frå å vere eit fokusert olje- og gasselskap til å bli eit breidt energiselskap.

Ein avslappa konsernsjef snakka om dei store utfordringane verda står framom, slik som klimaendringane .

–Vi er ein del av problemet, og må vere ein del av løysinga. Men løysinga er ikkje å slutte å produsere olje og gass. Verda treng olje og gass i mange år framover, men samstundes vil vi vere eit breidt energiselskap.

Og om fornybar energi:

–Vi byrjar å bli ganske store på det. Vi skal investere 100 milliardar kroner dei neste åra på fornybar energi. Og vi skal skape nye løysingar.

OIjeprisfallet

Då han tok over som toppsjef var oljeprisen 90 dollar fatet.

–Eg var sikker på at den skulle opp att til 100. Men den heldt fram med å falle og falle, fortalde Sætre.

Dette førte Statoil inn i ein hestekur, med kostnadskutt som også førte til at dei mange underleverandørane måtte tilby billegare tenester. Det var noko ikkje minst offshoreselskapa på Sunnmøre fekk merke.

–No er utfordringa at ikkje auka oljepris også fører til auka kostnader igjen, slik det har vore før. Og eg har bestemt meg, denne gongen skal vi klare det. Det er mitt neste prosjekt, ved sidan av namneskiftet. Det handlar om kultur, om å gjere ting saman, om att og om att, om kontinuerleg forbetring. Uansett kor god du trur du er så kan du bli betre, sa Eldar Sætre.

Då salen fekk sleppe til fekk han følgande spørsmål frå tekniske sjef i Ørsta kommune, Rolf-Magnus Sundgot.

– Korleis skal Vartdal bli diamanten i Ørsta?

Svarer kom kontant:

–Unnskyld meg, eg trudde faktisk at Vartdal alt var diamanten.

Eldar Sætre- ikkje ørsting men vartdaling. Foto: Svein Aam