Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal vedtok onsdag å tildele kunstnarstipend for 2018 til åtte kunstnarar. Totalt vart det delt ut 600 000 kroner. Stipenda skal vere med å styrke Møre og Romsdal som kulturfylke.

Jorun Marie Kvernberg , som er busett i Volda, er ein av åtte stipendmottakarar og får eit stipend på 80 000 kroner.

Kvernberg er folkemusikar og spelar mellom anna i Majorstuen.

- Kunstnarstipenda skal gje kunstnarar høve til å fordjupe seg i større prosjekt, seier leiar i kultur- og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter.

Det er tredje året Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut arbeidsstipend i tillegg til ordinære kunstnarstipend. Ved søknadsfristens utløp var det 46 søkjarar.