Dei samla inntektene var på 28,6 millionar kroner.

– Drifta blei styrt i retning av eit vesentleg overskot for å sikre midlar til fleire slike store prosjekt, seier styreleiar Lodve Solholm. Han meiner at dei samla resultata i 2017 gir eit godt grunnlag for å finne den nye direktøren.

Atyret har valt Lodve Solholm til styreleiar for to nye år. Etter åtte år i styret måtte Grete Riise takke for seg, og Hilde Barstad er vald som ny nestleiar for to år, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Eg set stor pris på den tilliten styret har vist meg, for dette vervet har vore viktig for meg, seier Solholm.

Styret i Nynorsk kultursentrum har også fått fleire nye medlemer. Kulturdepartementet har oppnemnt Hilde Bjørnsvik frå Ål som ny medlem, og Bjørn Lødemel frå Hornindal og Sven-Roald Nystø frå Tysfjord som nye varamedlemer. Rådet har valt Janne Nygård frå Jølster, busett i Oslo, inn i styret, og dei tilsette har valt Siri Beate Gjerde som ny styremedlem og Stina Aasen Lødemel som varamedlem etter at ho har vore styremedlem i fire år.

Sæbjørn Forberg frå Skjåk og Jon Østbø frå Oslo held fram i styret, det same gjer Ellen C. Kvalsund frå Ulsteinvik som varamedlem, medan Brit Bildøen hadde takka nei til attval.

I fjor haust valde rådet Per Halse frå Ørsta som ny rådsordførar.

Omfattande årsmelding og årsrapport

I årsmeldinga skriv styret at Nynorsk kultursentrum nådde mange av dei faglege og økonomiske måla, og alle driftsavdelingane gav overskot. Svært få nasjonale kulturinstitusjonar er meir riksdekkjande, meiner styret og viser til 309 eigne arrangement og tilstellingar i 47 kommunar i ni fylke i 2017.

Det går fram av årsrapporten frå administrasjonen at Nynorsk kultursentrum i 2017 hadde arbeidsavtalar med 71 medarbeidarar utanom alle utøvarane. Årsrapporten er på over 80 sider og gjer detaljert greie for alle sider av verksemda.

– Vi har i alle år prøvt å gjere kunnskapen om utført arbeid mest mogleg personuavhengig og å forstå kva vi har halde på med, seier direktør Ottar Grepstad. – Nynorsk kultursentrum er ei open kunnskapsbedrift som fortel svært mykje om si eiga verksemd. Det håpar vi at også publikum har nytte av.

Nynorsk kultursentrum 2000–2017

  • 5 543 000 gjester og brukarar av digitale tenester

  • 59 942 museumsgjenstandar, bøker, skrifter og audiovisuelle objekt

  • 109 hyllemeter arkivalia

  • 5476 tilstellingar, av dette 4149 eigne i 175 kommunar i alle fylke

  • 37 temautstillingar er laga og har vore lånte ut 188 gonger til stader i 18 fylke

  • 1974 framsyningar av ti elevprogram i Den kulturelle skulesekken for 66 315 elevar og lærarar

  • 475 357 nedlastingar og avspelingar frå Tunkatten.no

  • 433 talar og foredrag, 260 artiklar og 33 bøker og småskrifter

Lodve Solholm er attvald som styreleiar i Nynorsk kultursentrum. Foto: Vidar Myklebust