- Dette er ein stor og strategisk viktig avtale for oss, seier Anton Hagberg, direktør for Komplett Markedsplass i ei pressemelding.

- Mange nordmenn handlar bøker på nett, og haugenbok.no passar som hand i hanske med oss. Dei var først ute som rein nettbokhandel i Noreg, og held eit høgt tempo på leveransane sine. Deira gode omdøme og ikkje minst at dei har mange nøgde kundar, gjorde valet enkelt for oss. Vi er svært glade for at dei no vert partnar på Marknadsplassen vår, seier Hagberg i pressemeldinga.

- haugenbok.no er svært tilfreds med at vi no har inngått denne avtalen med Komplett, seier Lars-Ove Hammer, leiar i haugenbok.no.

- Samarbeidet med landets største aktør på netthandel styrkjer posisjonen vår som Noregs leiande nettbokhandel. Samtidig vil kundene til Komplett få eit stort utval bøker tilgjengeleg. haugenbok.no og Komplett har ein felles filosofi om at kundane ikkje berre skal være nøgde, men at dei skal bli imponerte, seier Hammer i pressemeldinga.

Jostein Haugen

Haugen Bok vart i 1929 starta av Jostein Haugen. Sonen Harald Haugen tok etterkvart over og satsa på 80-talet stort på postordresal av bokverk. Som den aller første i Noreg, starta haugenbok.no i 1996 med sal av bøker på nett. Same år såg Komplett dagens lys. haugenbok.no har sidan starten vore Noregs leiande nettbokhandel, og har dei siste fem åra hatt dei mest nøgde bokkundane, ifølgje Norsk Kundebarometer.

- Vi starter om kort tid arbeidet med å integrere produkt frå haugenbok.no på Komplett sin plattform. Vi ventar at den nye kategorien er klar i god tid før sommarferien, seier Anton Hagberg.