Minnestunda byrja med at Ole Ragnar Riise fortalde om Risegardane og om den dagen fonna gjekk. 17 av 20 hus på dei fem gardane vart heilt eller delvis øydelagde av raset. 11 menneske vart begrevne i snøen. Tre av dei miste livet.

– Det er ikkje til å tru kva krefter som var i sving, sa Ole Ragnar Riise.

Ragna Riise var gift med lensmann John Riise. Dei to, og tre av borna, vart tatt av raset. Yngstesonen Ivar døydde, medan den nest yngste, Arill, overlevde med eit naudskrik. Ragna Riise fortalde om familien og om den dagen raset gjekk. Ho trekte og fram det gode naboskapet til Torstein og Hjørdis Årseth, som miste livet i raset.

Viste livsmot

Ragna Riise valde å sjå på det positive i det tragiske.

– Fleire enn enn kunne vente overlevde. Vi må vere takksame for at vi fekk behalde livet og bygge opp att Rise, sa ho.

Ho tende eitt lys for sonen Ivar, medan Kjell Arne Årseth tende to lys for foreldra sine.

Kommunen var representert både med ordførar Stein Aam og varaordførar Karen Høydal.

– For eit livsmot ho Ragna representerer når ho står her i dag som 90-åring og seier så mange kloke ord, sa ordføraren, og heldt fram med ein minnetale.

Nabohjelp

–Vi er samla for å minnast 19. februar 1968 klokka 0630. Denne morgonen var det mange andre ras som gjekk både i Follestaddalen, Sledalen og på Finnes, men Risefonna var ei katastrofe i forhold til dei andre. Det rørte meg når eg las om dette i avisene laurdag. Det var ingen beredskap og inga omsorgsgruppe i kommune. Stort sett var det naboane som måtte ta ansvar og hjelpe til, og det gjorde dei i stor mon, sa ordføraren.

Han meinte kommunen er langt betre rusta til å takle slike hendingar no.

Legen redda liv

Mange frå familiane Riise og Årseth var til stades på  minnemarkeringa. Mellom gjestane var også Bjørn Urkegjerde. Han overnatta på Rise ras-natta fordi han og faren ikkje kom seg forbi Skondalsfonna på vegen til Sæbø. Ein spesiell gjest var Kjell Einar Ljones, som var lege på Sæbø for 50 år sidan.

– Han Ljones gjorde ein utruleg innsats, seier Ragna Riise.