SpareBank 1 Søre Sunnmøre har eit konsernresultat i 2017 på 93,7 millionar kroner mot 91,9 millionar kroner i 2016. Eigenkapitalavkastninga blei på 9,9prosent mot 11,3 prosent i 2016. Forvaltningskapitalen er auka med om lag 290 millionar kroner i 2017 til 11,0 milliardar kroner inkludert sal av lån til SpareBank 1 Boligkreditt AS og SpareBank 1 Næringskreditt AS.

–Vi er godt nøgde med å levere eit solid resultat  og at vi har fått styrka banken sin soliditet i vesentleg grad. Dette gir oss evne til å vekse og utvikle banken vidare, seier administrerande  direktør Stig Brautaset .

–Banken er inne i ein omstillingsprosess der vi tilpasser oss dei endringane som skjer i banknæringa. Dei tilsette bidreg til utviklinga med eit aktivt og målretta arbeid, skriv banken i ei pressemelding

Vekst i personmarknaden

Samla utlån inkludert SpareBank 1 Boligkreditt og Næringskreditt vokse med 4,8 prosent  i 2017. Utlånsveksten på personmarknaden i år er på 6,5 prosent.

– Banken aukar godt på personmarknaden og det viser at banken framstår som ein attraktiv bank for kundane i vårt område, seier Brautaset. På bedriftsmarknaden har det har vore ein reduksjon i utlån på områder som vi ikkje definerer som vår primærmarknad.  Dette har vore ein klar strategi gjennom andre halvår 2016 og gjennom 2017. Vi vil framover ha vårt hovedfokus inn mot små og mellomstore bedrifter med totalkundeforhold.