Både Jørgen Amdam og høgskulerektor Johann Roppen vart ropt opp på scena på slutten av framsyninga laurdag, og begge hadde blomar å overrekkje til revy-sjef Oda Næs Skoglund og Veka-sjef Steffen Andersen. – Steik kor flinke studentane våre er – i år også! Vi alle ser at det er eit enormt apparat som må til for alt dette skal fungere, og så har vi og eit orkester som berre er heilt fabelaktig. Eg skal oppfordre alle dei tilsette på Høgskulen i Volda å sjå revyen, sa rektor Johann Roppen då han overrakk blomane.

Han var heidersgjest på førpremieren, saman med Volda-ordføraren.

- Revyen er positiv for oss i bygda, og det skaper kontakt mellom studentane og lokalmiljøet, seier ordførar Jørgen Amdam.

Amdam rosar skodespelarane og musikarane.

– Dei har klart å skape ei herleg beskriving av Volda sitt uteliv, blant anna om sketsjane som omhandla Rokken, Circle K og det store ynskjet om Burger King. Foreløpig har det ikkje vorte foreslått noko om ei slik hurtigmatkjede, men om vi skal få til noko i Volda må jo det anten vere Burger King, KFC eller Starbucks. Om ein ser på Kina som eksempel, er jo dette teikn på ei utvikling i lokalmiljøet, seier Amdam og ler.

Spøkte med ordføraren

Amdam har sett revyen både som rektor og ordførar. I år vart namnet hans brukt i sketsjen om ei vaskedame på Høgskulen i Volda. – Eg visste at namnet mitt kom til å dukke opp ein eller annan gong i løpet av revyen, men ikkje i kva samanheng. Noko av poenget med ein revy er jo å setje ting heilt på spissen og å kome med stikk. Det tykkjer eg skodespelarane var gode til, fortel han vidare.

Ordførar Jørgen Amdam Foto: Lene Flataker