- Festivalen stiller i år opp med imponarende 22 arrangement, kor det skal godt gjerast å ikkje finne noko ein likar, skriv Veka i ei pressemelding.

Lokal rap

Blant årets artistar finn ein blant anna rockarane i Skambankt, diskjockey Sonny Alven, Bernhoft og den svenske rapparen Silvana Imam. Før rapperen frå søta bror spelar, er det dei lokale heimegutane Loui & Lexus som skal varme opp Voldapublikummet.

– Dette er det største me har gjort hittil i livet vårt. Me håper folk kjem og kosa seg like mykje som oss, fortel rapduoen. Men det er ikkje berre det musikalske som står i fokus under festivalen.

Variert

Her blir både øl-yoga, bassengfest og rebusløp med meir, og fleire av arrangementa er gratis. Det blir altså stor variasjon i programmet. Ein som er fornøgd med det er festivalleiar Steffen Andersen.

– Eg vil påstå at dette er den beste VEKA på fleire år, med artistar i alle sjangrar og arrangement til kvar og ein. Me har Livleg Laurdag for dei små, foredrag og arrangement for dei under 18, i tillegg til konsertar og arrangement for myndige i alle aldrar. Vi ynskjer å bidra til bygda, og være bindeleddet mellom lokalbefolkninga og studentane.

VEKA startar den 14. februar og held på frem til den 24. februar, men allereie frå søndag den 11. februar kan du sjå Vekerevyen “Voldas Ærlegaste” på Rokken.  Og revyen hadde førpremiere laurdag.