Ny ordning

Kan bli dyrt

Straffa for å køyre utan forsikring vert skjerpa

Illustrasjonsfoto  Foto: Svein Aam

New Articles

Nynorsk Pressekontor-NPK: Dersom du eig eit registrert køyretøy som ikkje har gyldig forsikring, vil du frå 1. mars få gebyr for kvar dag køyretøyet er uforsikra, opplyser Statens vegvesen.

For personbilar er gebyret 150 kroner per dag.

Alle forsikringsselskap som tilbyr trafikkforsikring er medlem i Trafikkforsikringsforeningen. Det er denne foreininga som er ansvarleg for å krevje inn gebyret.